Kategoriarkiv: Uncategorized

Sesongen 2021 er over !

Trist, men ein realitet.

Det har vore ein merkeleg sesong, og slett ikkje som forventa. Likevel må me sjå oss fornøgde med dei gode vintervekene me hadde i februar og mars. Antal besøkjande var høgt kvar einaste helg. Store og små utøvarar, alle like blide og positive.

No vart det gjerne ein brå slutt. Det er lite me kan gjera med. Men me vil takka alle som har møtt opp og som har gjort det triveleg i bakken. Spesiell takk til vakter som har hjelpt til, og som har hjelpt oss i skisentergruppa å handheva alle reglar i høve Covid19. Me er sjølvsagt glade for å ha unngått smitte og halde oss friske.

Det gjenstår opprydding i bakken og oppsummering av sesongen. Så ventar ein rolegare periode og håp om at koronasituasjonen betrar seg.

Men  me gjev ikkje opp så lett  😉 Me har tru på sesongen 2022, og håpar å sjå mange tilbake då .

Takk for oss 🙂

Opningshelg!

No har snøen endeleg kome, og me er klare for opning!

Laurdag 26.01.19, klokka 11.00, opnar me skisenteret for fyrste gong denne sesongen! Snøforholda er gode og vêret som er meldt er snø og -5 grader! Finn fram skia og så sjåast me i bakken til helga!

Velkomen!