Stordalen Skisenter er eit triveleg, spanande og oversiktleg lite skisenter. Her er utfartsområdet for Nordhordland, berre 1,5 time nord for Bergen.
Du finn ein tallerkenheis og eit skitau som barnetrekk. Som oftast er det ikkje kø, og det er sosialt og oversiktleg. Alle møtest nederst i bakken.
I Stordalen Skisenter kan ein finne både den lette barnebakken og større utfordringar og variasjon både i preparerte løyper på begge sider av heisen, og i “skogen”.

I varmeestova finn du skiutleige, toalett, skistall, kiosk og ikke minst en plass å ete nista di. Me sel kaffi, kakao (kjempegod), brus, pizza stykke (varm i mikro), sjokolade, kjeks, nøtter osv.
I godvær er det flott ute på benkane. Bålpanne og ved har vi, så du må gjerne ta med deg pølse eller ostesmørbrød til grillen.
Skistallen: Her kan du sette ski, sko og staver til neste gang du kjem, på eige ansvar. Vi ser helst at utstyret er merka med namn og tlf.
Flomlys har vi slik at vi har kveldskjøring på onsdagar.
Dugnad: Skisenteret er eigd av IL Bjørn West og Masfjorden kommune med 50% kvar. Drifta er det Skisentergruppa i idrettslaget som står for. Gruppa syter for at vi har 3 fantastiske trakkarar som trakkar med trakkemaskin, samt ca 60 like fantastiske vakter som møter deg med eit smil, og syter for at heisen kan være open og du får service.
Alle desse jobber dugnad. Vi har ikkje hatt tilsette og betalt ut løn til drift av skisenteret. I år har me fått støtte frå kommunen slik at vi klarer vi oss, og kan framleis være eit av Noregs rimelegaste skisenter.

Trakkemaskiner: Vi har 2 stk og det er 3 personer som er kvalifisert til trakkinga. Løypene skal være preparet til alle vanlige åpningsdager.
I 2015 kjøpte vi ny trakkemaskin med vinsj for å ha driftssikkerhet og kunne trakke også når føret er vanskelig.

Snøproduksjon: Grunna høge straumprisar vert det ikkje produsert snø. Til snøproduksjon krev det også godt mannskap, så her satsar me kun på natursnø.
Løypekjøring Langrenn: Det vert køyrt langrennspor på anleggveien og i området rundt. Langrennsspor elles er svært avhengig av snøforholda. Gunnar Trædal står for sporkøyringa. Mobil 41 51 82 41 , info på plakatar eller på Stordalen Fjellstove si side. Sjå også facebook Stordalen vel (SVEL)