
Me driv Stordalen Skisenter på dugnad med ca 60 vakter. Har du lyst å bidra som vakt ta kontakt direkte eller på vakt@stordalenskisenter.no
Me anbefalar alle vakter som er på facebook å bli med i gruppa “Vakt i Stordalen Skisenter” https://www.facebook.com/groups/vaktistordalenskisenter/?fref=ts
Kven som har vakt 2023
Det nærmar seg sesong. I desse dagar vert vaktlista for sesongen 2023 lagt ut. Den første snøen er komen og me håpar sjølvsagt på meir. Det nærmar seg også tid for å bestella sesongkort. Etterkvart vil ny informasjon og vaktliste bli lagt ut, så her er det berre å gjera seg klar. Me håpar på ein god og lang sesong.
Vaktopplæring vil skje kontinuerleg. Ta kontakt og set av dag for opplæring eller oppfrisking. Alle skal etterkvart fylla ut nye opplæringsskjema som skal liggja i perm i bilettsalget: SSS Opplæringsskjema 2023
Informasjon til vaktene finn du her: Dokumentasjon og vaktinformasjon
Instruks -bruk av ATV: INSTRUKS ATV
Ta kontakt dersom du lurer på noko eller vil bidra Liv Øydis 95107710 – Jan Olav 99700902 eller vakt@stordalenskisenter.no
